Ferievikarar - sektor for velferd, sommar 2018

Rekrutterer
Sted
Hareid (Kommune), Møre og Romsdal
Publisert
14. februar 2018
Utløper
5. mars 2018
Funksjon
Helsepersonell
Ansettelsesform
Vikariat
Heltid/deltid
Heltid/Deltid

FERIEVIKARAR - SEKTOR FOR VELFERD, sommar 2018 

Sektor for velferd søkjer etter ferievikarar i perioden 18.06.18 – 19.08.18. Søknadsfrist: 05.03.18.

Sektoren yter helse- og omsorgstenester og har fem einingar: Bu og habilitering, Helse og koordinerande eining, Heimetenester og Sjukeheim med einingane somatisk og skjerma. Helse- og omsorgstenestene samarbeider på tvers av einingane og vi ynskjer tilsette som er fleksible og ser verdien av samarbeid internt og eksternt

Vi søkjer: 
* Sjukepleiar
* Hjelpepleiar
* Omsorgsarbeidar
* Helsefagarbeidar
* Kokk, kjøkkenassistent
* Heimehjelp og
* assistentar

Arbeidsstad:
* Hareid Sjukeheim
* Heimetenesta – (her under  heimesjukepleie, Hadartun bustadar, heimehjelp og personleg assistent)
* Bu- og habiliteringsteneste
* Kjøkken
* Dagsenter for eldre

VI kan tilby godt fagmiljø, pasientkontakt, gode kollegaer og løn etter avtale. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.

Det er krav om politiattest.

Skal du jobbe i heimeteneste må du ha førarkort for personbil. Om du ikkje har førarkort, men likevel ynskjer å arbeide i heimetenesta, ta kontakt med einingsleiar.

Vi ber om at du gjev opp kva stilling og avdeling du ønskjer å arbeide i, samt kva tidsrom du kan jobbe.

Dei som kan arbeide i juli og august vil bli prioritert.

For meir informasjon kan du ta kontakt med einingsleiar – sjå kontaktinformasjon.

Du må bruke elektronisk søknadsskjema på www.hareid.kommune.no.

Kopi av vitnemål og attestar skal sendast per post innan søknadsfristen til:
Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid og merkast med «Ferievikar 2018/39».

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjar sjølv ber om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentlig søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga som e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.