Administrasjonssjef i nye Fjord kommune

Rekrutterer
Sted
Norddal (Kommune), Møre og Romsdal
Publisert
19. januar 2018
Utløper
15. februar 2018
Funksjon
Koordinator, Ledelse
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Stilling som
ADMINISTRASJONSSJEF i nye Fjord kommune

Fjord kommune er ein ny kommune som skal vere operativ frå 1. januar 2020. Det er noverande Norddal og Stordal kommune som skal utgjere den nye kommunen.

Fjord kommune vil vere ein liten kommune etter folketal, men ein relativt stor kommune målt etter areal, om lag 1200 kvadratkilometer.

Fjord kommune ligg i hjertet av det vestnorske fjordlandskapet – mellom Ålesund i vest og Geiranger i aust. Deler av kommunen ligg innanfor eit område som av UNESCO er tildelt verdsarvstatus. Den nye kommunen vil ha eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen.

Arbeidet med å bygge den nye kommunen er godt i gang. Vi søkjer no etter ein administrativ leiar som kan tre inn i denne prosessen, og som kan ha den overordna administrative styringa med dette arbeidet frå no av og vidare i den nye kommunen. Leiaren må ha evne til å tenkje strategisk, vere samlande og ha fokus på framdrift.

Søknadsfrist: 15. februar 2018.

Søknad skal sendast elektronisk via den fullstendige utlysningsteksten på kommunane sin heimeside.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

For fleire opplysingar, ta kontakt med leiar av fellesnemnda, Eva Hove, tlf 970 15 014.

For fullstendig utlysingstekst, sjå heimesidene til Norddal kommune og Stordal kommune.