Personverneombod - 2 prosjektstillingar

Sted
Ålesund (Kommune), Møre og Romsdal
Publisert
11. januar 2018
Utløper
4. februar 2018
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 36 kommunar i fylket samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt depot for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitalisering av kulturarven er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi har i dag 15 tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund.

PERSONVERNEOMBOD - 2 prosjektstillingar

I samband med ny personvernlovgjeving skal IKA Møre og Romsdal etablere eit prosjekt som skal levere tenesta personvernombod for 25 kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi søker etter to personar som skal ta hand om rolla som personvernombod. I første omgang er det to prosjektstillingar fram til 31.12.2020. Den eine stillinga vil bli gitt prosjektleiaransvar.

Oppgåver og ansvar

Hovudoppgåva til stillingane er å bidra til at personvern får nødvendig prioritet og til at deltakande kommunar og fylkeskommunen etterlever personvernlovgjevinga.

Personvernombodet skal blant anna:

  • informere og gi råd til verksemdene i spørsmål om behandling av personopplysningar og personvernspørsmål.
  • saman med kommunane og fylkeskommunen skal personvernombodet kontrollere etterlevinga av EU si personvernforordning og ny personvernlovgjeving.
  • vere kontaktpunkt for kommunane og fylkeskommunen overfor Datatilsynet.  

Krav til kompetanse

Til prosjektleiaransvarleg ønsker vi søkarar med erfaring og djupnekunnskap om personvernlovgjeving og praksis frå området. Kunnskap om offentleg/kommunal forvaltning og prosjektgjennomføring er ein fordel. For den andre stillinga vil det vere aktuelt med nyutdanna med god kunnskap om personvernlovgjeving.  

Personvernombodet skal

  • ha god kunnskap om kommunal sektor, kommunal saksbehandling, IT-system, informasjonssikkerheit og personvern
  • ha høg integritet og god rolleforståing
  • halde seg oppdatert på utviklinga innan personvern
  • kunne utføre oppgåvene sine på ein uavhengig måte
  • ha gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner

Det blir stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Reiseverksemd til deltakarkommunane må påreknast.

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø.
  • Utvikling for kvar medarbeidar.
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP).
  • Lønn etter avtale.

Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar Geir Håvard Ellingseter, tlf. 971 50 011.

Søknadsfrist: 04.02. 2018.