Byggesakshandsamar - 2. gongs utlysing

Rekrutterer
Sted
Brattvåg, Haram
Publisert
9. januar 2018
Utløper
4. februar 2018
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Haram kommune ligg like nord for Ålesund og er med sine stolte skipsbyggartradisjonar ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Behov for rekruttering og kompetanse har skapt eit nært samarbeid mellom kommunen, skulane, bedriftene og den internasjonale arbeidsmarknaden. Haram skal vere ein attraktiv kommune til både å arbeide og bu i. Då er tryggleik, gode oppvekstvilkår og eit godt lokalmiljø avgjerande.

BYGGESAKSHANDSAMAR - 2. gongs utlysing

Haram kommune har ledig stilling som sakshandsamar for bygge- og delingssaker. Arbeidsstaden ligg i dag i kommunesenteret Brattvåg, i eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning.

Arbeidsoppgåver:
* Kunderettleiing og handsaming av saker etter Plan- og bygningslova.

Kvalifikasjonar:
* Primært ønskes erfaren sakshandsamar, men også nyutdanna vert oppfordra til å søke.
* Utdanning på master- eller bachelornivå med relevant fagkombinasjon. Erfaring frå sakshandsaming av bygge- og delingssaker kan bli vurdert å kompensere for formell utdanning.
* Gode norskkunnskapar og god evne til skriftleg og munnleg framstilling.
* Digital kompetanse.

Personlege eigenskapar:
* Er sjølvstendig og har evne og vilje til å ta initiativ i ein hektisk arbeidskvardag. Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr:
* Samarbeid med dyktige og inkluderande kollegaer i eit variert tverrfagleg arbeidsmiljø.
* Varierte arbeidsoppgåver.
* Løn etter avtale.
* Fleksibel arbeidstid. Pensjonsordning gjennom KLP.

For nærare informasjon, kontakt einingsleiar Kjetil Grytten, tlf. 70 20 76 27.

Søknadsfrist: 04.02. 2018.