Fagarbeidar Borgund vgs

Sted
Ålesund (By), Møre og Romsdal
Publisert
5. september 2017
Utløper
18. september 2017
Ansettelsesform
Vikariat
Heltid/deltid
Deltid

Borgund vgs - 80 % vikariat fagarbeidar avd Helse og Oppvekstfag

Borgund vidaregåande skole er ein yrkesfag skole med høve til påbygging til generell studiekompetanse. Skolen er ny og moderne og har ca 900 elevplassar og over 200 tilsette. Skolen ligg i indre bydel i Ålesund, Fremmerholen. Utdanningsprogramma: Bygg og anleggsteknikk, Design og håndverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon. Påbygging til generell studiekompetanse. BORK Karriere og kompetanse har ansvaret for vaksenopplæring, realkompetansevurdering og kurs.

Opplysningar om stillinga

80 % vikariat som fagarbeidar på avd. Helse og oppvekstfag.
Arbeid opp mot elevar med ulike hjelpebehov, samt samarbeid om det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Krav til kompetanse

Fagbrev eller autorisasjon innan helse- oppvekstfaga.
Vilje til å ta del i utviklingsarbeid.
Gode samarbeidsevner.
Orden og struktur.
Like å arbeide med ungdom.
God IKT kompetanse.
Ta initiativ og vere sjølvstendig i arbeidsprosessar.

Vi tilbyr

Introduksjonsprogram
Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
Utvikling i samarbeid med andre.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løns og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaler.

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.