Everksjef

Rekrutterer
Sted
Skjåk (Kommune), Oppland
Publisert
11. juli 2017
Utløper
20. august 2017
Funksjon
Ledelse
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar, som saman med styret skal leie den vidare utviklinga av Skjåk Energi KF. Everksjefen skal ha det overordna resultat- og personalansvaret, og vil ha ansvar for å realisere strategien til verksemda. Du skal sikre kontinuitet og utvikling både internt og eksternt, og sjå til at samarbeid og prosessar tek vare på både forankring og framdrift.

Vi ser etter ein person som trivst og motiverast av både operativt og strategisk arbeid, og som har sterk gjennomføringsevne og gode resultat å vise til når det gjeld både operativ leiing og forretningsutvikling.

Den vi søkjer har høgare utdanning og relevant bransjeerfaring. Rette vedkomande er involverande og relasjonssterk, og skal vere ein rollemodell som skapar truverd hjå tilsette, eigarar og styret. Vi verdset initiativ og gjennomføringskraft. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ein føresetnad.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Skjåk Energi KF er ein organisasjon med stort potensial, der everksjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Bjørn M. Godsveen tlf. 975 59 063/Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036.

Søk på stillinga snarast, og seinast innan 20. august 2017.

Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg og overfor oppdragsgivar.

Om selskapet

Skjåk Energi KF er lokalisert i Skjåk og er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune, og skal omdannast til aksjeselskap i 2018. Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen, samt dei delar av tunnelanlegga på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn - som ligg i Stryn. Avstanden mellom ytterpunkta i konsesjonsområdet (Skjåk kommune) er ca. 85 km. Skjåk kommune har stedsvarande rettar i Øvre Otta DA og kraftverket Skjåk 1, som Skjåk Energi disponerer for kommunen. Vi sørgjer for strøm til ca. 2000 abonnentar, og disponerer ei kraftmengde på om lag 120 GWh kvart år.