Assisterande fylkesrådmann

Sted
Molde (By), Møre og Romsdal
Publisert
3. juli 2017
Utløper
3. august 2017
Funksjon
Ledelse
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid

Assisterande fylkesrådmann

Om Møre og Romsdal fylkeskommune

Er du vår neste ass. fylkesrådmann? Då vil du kunne vere med å løyse viktige samfunnsoppgåver innafor regional- og næringsutvikling, utdanning, tannhelse, samferdsel og kultur i regionen Møre og Romsdal. Saman med fylkesrådmannen vil du ha det overordna ansvaret for å koordinere fagavdelingane og driftseiningane i fylkeskommunen, samt ansvar for saker som vert lagt fram for politiske organ.
Frå 01.01.18 blir ei av våre mest spanande og krevjande leiarstillingar ledig når noverande ass. fylkesrådmann går av med pensjon.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein kvalitets- og resultatorientert organisasjon med tydeleg kultur for læring og utvikling.

Hovudoppgåver og ansvar

Ass. fylkesrådmann skal ha eit særleg fokus på organisasjonsinterne og finansielle forhold. Oppgåvene vil m.a. vere knytt til:

  • Overordna strategiutvikling og økonomistyring
  • Organisasjons- og tenesteutvikling
  • Kvalitetssikring av saker til politiske organ

Linje- og stabsavdelingane har eigne leiarar, med fag- og resultatansvar, som inngår i toppleiargruppa saman med fylkesrådmannen og assisterande fylkesrådmann.
Nærare informasjon om vår organisasjon og oppgåvene finn du på våre nettsider www.mrfylke.no

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi og administrasjon
  • Solid administrativ erfaring og leiarerfaring, med dokumenterte resultat
  • Strategisk evne og utviklingsdriv
  • Evne til samarbeid og heilskapleg tenking på tvers av sektorar og nivå
  • Relasjonelle og kommunikative evner vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogeleg tenester
  • Introduksjonsprogram og leiarutviklingsprogram
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søke ledig stilling hos oss.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet, jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren får offentleggjering.