Vekst i møbeleksporten

Publisert: 4. november 2015

Vekst i møbeleksporten:
Lysare tider for møbel
Høg kvalitet, god design – og ein behageleg kronekurs. Det er årsaka til ein vekst i møbeleksporten i år.

Det meiner Egil Sundet, bransjesjef i Norsk Industri møbel + interiør.

 

– Vi har så langt i år hatt ein eksportvekst på fem prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Og det aukar frå månad til månad, så eg trur vi ved årsskiftet kan doble eksportveksten frå i fjor, som var på 3,6 prosent, seier Sundet.

 

– Vi har god vekst til dei tradisjonelle eksportmarknadene Danmark, England, Tyskland og USA, men ser også at eksporten aukar betydeleg til fleire fjernare land der vi i dag har liten eksport, seier Sundet.

 

Tilbake til oppføringen